
Sognasmart
Ein møteplass for visjonar, innovasjonar og patriotar
Arrangørane bak Sognafest er klare for å rette blikket framover. No inviterer vi til ei ny samling – der vi spør:
Kva er Sogn i dag, og korleis skal vi byggje Sogn 2.0?
21. mai 2025 - 09:00 - 16:00
Quality Hotel Sogndal
Program
Del 1:
Kva har vi og kva er vi gode på
Før lunsj tar vi eit samla blikk på kva som finst i Sogn og alt vi allereie får til. Del ein av Sognasmart handlar om å feire styrkane våre, synleggjere miljø som utmerkar seg, og bygge stoltheit over det vi har.
Gjennom innleiingar og presentasjonar frå ulike delar av regionen får vi innsikt i alt frå kraft og industri, til lokalmat, utdanning og offentleg innovasjon. Vi får møte folk og prosjekt som viser korleis det allereie spirer, og korleis desse miljøa kan bli grunnmuren for vidare utvikling.
Frå jord til bord - kortreiste suksessar frå Sogn
Kommunane som viktige drivkrefter i Sogn
Universitetsbygda i Sogn?
Krafta og industrien som byggjer regionen vår
Del 2:
Korleis byggja Sogn 2.0
Kva slags samfunn vil vi bygge i Sogn, og korleis kjem vi oss dit? Del to av Sognasmart tek for seg dei store utfordringane og moglegheitene, med tematisk spissa samtalar, konkrete døme og opne spørsmål.
Vi snakkar om rekruttering og kompetanse, offentlege arbeidsplassar, det grøne skiftet og korleis utdanning og næringsliv kan utvikle seg saman. Det handlar om å vekkje framtidstru – og å invitere fleire med i arbeidet med å forme Sogn 2.0.
Det grøne skiftet i Sogn - vi har krafta men korleis brukar me han?
Korleis kan eit universitet i Sogn bidra til utviklinga vår?
Nye offentlege arbeidsplassar i Sogn. Korleis får vi det til?
Foredragsholdarar, detaljert innhald og informasjon kjem fortløpande
Sognasmart 2025 blir mogleg takka vere støtta frå desse engasjerte bedriftene som har eit stort hjarte for Sogn. Dei bidreg til å løfte regionen, styrkje fellesskapet og feire alt det positive som skjer her.
Generalsponsor
Samarbeidspartnarar
