Sognaklynga er krafta for deg som vil samle Sogn, byggja stoltheit og skape engasjement i regionen!

Vi er ein samarbeidsarena som vil løfte fram og utvikle den felles bu- og arbeidsregionen vår.

Med forankring i alle dei seks kommunane og sterk gjennomføringskraft, vil Sognaklynga vidareutvikle eksisterande møteplassar og skape nye arenaer for fellesskap.

Vi gjer det med eit brennande ynskje om å byggje stoltheit for Sogningen.

I 2026 vil vi byggja vidare på Sognafest og Sognasmart – arrangement som løfter regionen, styrkjer samhaldet og gjev grunn til stoltheit.

Vi er sogningar som har eit brennande ynskje om å få til ting i regionen vår:

Agnar Holen
Andrea Opseth
Anne Jorunn Fjærestad
Arve Tokvam
Bård Basberg
Geir Hansen
Jørgen Cristian Lindstrøm
Line Bjelde
Mikkel Frodahl
Tor Arne Ness
Tore Frimanslund
Torgeir Skålid
Tom Dyrdal
Trine Lerum

Ynskjer du å bli med? Ta kontakt med ein av oss i klynga!

Sogn Næring fungerer som sekretariat for Sognaklynga, og hjelper til i å koordinera arbeidet.

Kva er Sognafest 2026?

Sognafest 2026 byggjer vidare på suksessen frå 2025.
Ein gallakveld der vi løftar fram alt det som gjer Sogn til Sogn.
Her feirar vi regionen, menneska og alt det flotte som skjer her.

Det skjer 30. januar 2026 på Quality Hotel Sogndal, og også denne gongen er det berre eit avgrensa tal plassar.
Ein kveld med mat, kultur og stolte augeblikk.
Eit høgdepunkt for alle som har hjarte for Sogn.

Kvifor Sognafest?

Fordi vi vil løfte fram alt det positive og engasjerande i Sogn.
Vi samlast for å dele inspirasjon, feire mangfald og vere stolte av kor vi kjem frå.
Sognafesten er ein fest for både kultur, næringsliv og fellesskap.
Det handlar om å skape nye band, nye idear og møte nye folk.
Vi skal gjere denne kvelden til noko du vil hugse lenge.