Sognasmart 2025

Program


08:00 - 09:00

Registrering og kaffi


09:00 - 10:00

Korleis bidrar HVL til utviklinga i Sogn?

Kva betyr det når 1000 færre studentar ikkje tek studielån, bur, et og jobbar her? Kva rolle skal HVL spele i regional utvikling framover, og korleis riggar vi oss dersom universitetsstatus kjem?


Ein samtale med:
Oddmund Hoel - Professor, Handelshøgskulen HVL
Øyvind Midtbø Berge - Prodekan for innovasjon og regional utvikling, HVL
Tore Frimanslund - Førsteamenuensis, Handelshøgskulen HVL
Kristin Myhra Sæterdal - Assisterande instituttleiar, Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap, HVL

Velkommen til Sognasmart 2025

Arve Uglum og Line Bjelde er dagens konfransierar og leiar oss gjennom Sognasmart 2025


10:00 - 10:20

Pause


10:20 - 12:20

Kva har vi og kva er vi gode på

Før lunsj tar vi eit samla blikk på kva som finst i Sogn og alt vi allereie får til. Del ein av Sognasmart handlar om å feire styrkane våre, synleggjere miljø som utmerkar seg, og bygge stoltheit over det vi har.

Krafta og industrien legg grunnlaget for Sogn

Her møter vi sentrale aktørar frå krafta og industrien i Sogn som gir oss innblikk i både utfordringar og moglegheiter: frå kampen om nettressursar og kraft til innovasjon og teknologiutvikling. Korleis kan Sogn hevde seg i ein global konkurranse, og kva krevst for at kraft og industri skal vere drivkrefter for vekst i regionen?

Innlegg frå:
Ole Petter Hatlevoll - Konserndirektør digitale tenester, Sognekraft
Anveig Bjordal Halkjelsvik - Fabrikksjef, Hydro Årdal
Erlend Bårgard - Konserndirektør, Sognekraft Produksjon

Ein ny vår for mat og drikke frå Sogn

Kva spirer i mat- og drikkenæringa vår? Vi løftar blikket mot nye moglegheiter for mat- og drikkenæringa i Sogn i en samtale leia av bransjeveteran Trine Lerum.


Endre Kleiveland - Ølmheim Siderhage
Mathilde Buch Larsen - Bøtun Gard
Frode Skarpås - Norway’s Best

I samtale leia av Trine Lerum - adm. dir Lerum

Kommunane som viktige drivkrefter i Sogn

Med over 34.000 innbyggarar, 4.800 tilsette og omlag 4 mrd kroner i driftsbudjett, er dei 6 kommunane i Sogn avgjerande for samfunnsutviklinga. Dei delar mange av utfordringane til nærings- og arbeidslivet ellers, og må tenke nytt, kreativt og smartare for å løyse samfunnsoppdraga sine.

Innlegg frå:
Kjell Bøe Bjørgum - Ordførar, Aurland kommune
Johannes Dalsbotten, Varaordførar, Aurland kommune
Fredrik Jarstadmarken - Tilflyttarkontoret Årdal
Ole Gunnar Krakhellen - Stabsleiar forvaltning og utvikling, Luster kommune

Petter Slyngstadli:
Ei brytningstid? Norsk og internasjonal økonomi & finansmarknader
under president Trump

Korleis står det eigentleg til med norsk økonomi i møte med internasjonale uroelement? I dette innlegget tek Petter Slyngstadli oss med inn i verdsøkonomien sett frå ståstaden til ein erfaren investeringsforvaltar. Med innsikt i alt frå fondsforvaltning og makroøkonomi til finansielle risikoar og kapitalmarknader, gir han eit oppdatert bilete av dei globale finansmarknadene - og kva dette kan bety for norsk næringsliv, investeringar og økonomisk politikk.

Petter Slyngstadli - Head of research, Norne Securities


12:20 - 13:20

Lunsj

Det vil bli servert ein smakfull lunsj med kortreist, lokal mat frå Bøtun Gard, Vikja og Alm Gard. Naturlegvis blir det lokale drikke frå Ølmheim siderhage og Amble gard. Det blir både god mat og god tid til å slå av ein prat med kjende og ukjende.


13:20 - 14:00

Hans Olav Lahlum:
Lokaldemokrati og motkrefter

Med politisk klokskap og historisk innsikt kjem Hans Olav Lahlum til Sogn for å snakke om korleis demokratiet vårt står seg i møte med indre og ytre motkrefter. Kva kan lokalpolitikken lære av historia – og korleis står det eigentleg til med lokaldemokratiet her heime?


14:00 - 14:15

Pause


14:15 - 15:50

Del 2: Korleis byggja Sogn 2.0?

Kva er framtidsvyane til Sognebedriftene?

Kva slags hindringar og utfordringar møter bedriftene i Sogn på? Kva nye moglegheiter opnar seg og korleis kan vi gripe dei? Kva slags kompetanse og samarbeid treng vi for å lykkast vidare? Og kva utvikling ønskjer bedriftene sjølve å vere ein del av?

Innlegg frå:
Malin Rygg - Direktør - Tilsynet for universell utforming av ikt
Stine Lilloe-Olsen - COO, Rocketfarm
Kjetil Hovland - Dagleg leiar og eigar, Digital Etikett
Jon Håkon Odd - Seksjonssjef for strategi og forretningsutvikling, Digdir

Kva slags samfunn vil vi bygge i Sogn, og korleis kjem vi oss dit? Del to av Sognasmart tek for seg dei store utfordringane og moglegheitene, med tematisk spissa samtalar, konkrete døme og opne spørsmål.

Velkommen til Universitetsbygda Sogndal

Neste år kan Sogndal bli vertskap for det nest største campuset hos eit av landets største universitet. Kva betyr dette for Sogn som region? Kva er samfunnsmandatet til dette universitetet og korleis kan eit slikt universitet spegle næringslivet på ein betre måte?

Ein samtale med:
Tor-Einar Skinlo - Kommunedirektør, Sogndal kommune
Oddmund Hoel - Professor, Handelshøgskulen HVL
Tore Frimanslund - Førsteamenuensis, Handelshøgskulen HVL
Stig Erik Jakobsen - Prodekan for forsking, fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, HVL

Korleis utvikle kompetansearbeidsplassar i Sogn

Sogn er vertskap for ein rekkje offentlege arbeidsplassar. Korleis vidareutviklar vi disse og andre kompetansearbeidsplassar for framtida?

Malin Rygg - Direktør, Tilsynet for universell utforming av ikt
Anne Karin Hamre - Direktør, Vestlandsforsking
Kari-Anne Kirsebom Strandman - Avdelingsleiar, Norconsult Sogndal

I samtale leia av Yngve Hallén - Sognasmed, Sognarådet


15:50 - 16:05

Pause


16:05 - 16:40

Vi må løfte i lag, men korleis?

Ein avsluttande samtale for å samanfatta dagen, peika på utfordringane og sjå på moglegheita som ligg forran oss.

Trym Ramstad - DJ og framtidshåp
Kristin Myhra Sæterdal - Styremedlem i Sogn U40 & Assisterande instituttleiar, Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap, HVL
Yngve Hallén - Sognasmed, Sognarådet

I samtale leia av Arve Uglum, Redaktør i Sogn Avis

Avsluttande ord og takk for i dag!


Oppdatert 21.05.25
Programmet er stadig under utvikling, så endringar kan førekomma