Nominasjon til Sognafest 2027
Kven skal heidrast på
Sognafest 29. januar?
Det bestemmer du.
Nominasjonen stenger 1. desember
Kategoriar
Helsehelten
Årets helsearbeidar
Helsehelten heidrar ein helsearbeidar som skapar tryggleik og omsorg i kvardagen, og som har gjort ein ekstra innsats for innbyggjarane i Sogn. Kandidaten kan arbeide i ulike delar av helse- og omsorgstenestene.
Me leitar etter ein som kombinerer fagleg dyktigheit med omtanke, ser mennesket bak behovet og bidreg til at pasientar, brukarar og pårørande kjenner seg godt tekne vare på. Fortel gjerne om ein konkret situasjon som viser kvifor denne helsearbeidaren fortener prisen.
Nominer dei til Helsehelten – Årets helsearbeidar!
Lysglimtprisen
Årets pedagog
Lysglimtprisen heidrar ein pedagog som gir barn og unge meistring, læringsglede og tryggleik i oppveksten. Kandidaten kan til dømes arbeide i barnehage eller skule.
Me leitar etter ein som ser den enkelte, byggjer gode relasjonar og legg til rette for at barn og unge får utvikle seg og kjenne at dei høyrer til. Fortel gjerne korleis pedagogen gjer ein forskjell gjennom undervisning, omsorg, inkludering eller oppfølging i kvardagen.
Nominer din kvardagshelt innan oppvekst til Lysglimtprisen – Årets pedagog!
Smil & service
Årets kremmar
Smil & service heidrar ein kremmar som skapar gode møte med kundar, spreier glede og bidreg til eit levande lokalmiljø i Sogn. Kandidaten kan til dømes vere ein butikkdrivar, tenesteleverandør eller ein medarbeidar innan handel og service.
Me leitar etter ein som møter kundane med interesse og kunnskap, finn gode løysingar og gjer at folk får lyst til å handle lokalt og kome tilbake. Fortel gjerne korleis kandidaten også bidreg til aktivitet og trivsel på staden.
Nominer den personen eller verksemda som betyr mest for Sogn – til Smil & service – Årets kremmar!
Smaken av Sogn
Årets mat- og drikkeoppleving
Smaken av Sogn heidrar ein restaurant, produsent eller ei mat- og drikkeoppleving som løftar fram råvarer og smakar frå regionen. Det kan vere eit måltid, eit produkt, ein smak eller ei anna oppleving som gjer den lokale matkulturen levande.
Me leitar etter kvalitet, lokal forankring og evne til å gi folk ei god smaksoppleving. Fortel kva som gjer kandidaten særmerkt, og korleis råvarer og smakar frå Sogn kjem til uttrykk.
Nominer din favoritt til Årets mat- og drikkeoppleving!
Sognavixen
Årets digitale skapar
Sognavixen heidrar ein person som gjennom digital formidling bidreg til å gjere Sogn synleg. Kandidaten kan vere influensar, innhaldsprodusent, gründer, eldsjel eller ein annan som brukar digitale kanalar til å fortelje om, løfte fram eller skape interesse for regionen.
Påverknaden kan vere direkte eller indirekte, og treng ikkje målast i følgjartal. Det viktigaste er at personen formidlar noko som engasjerer, inspirerer eller gjer fleire merksame på Sogn.
Handlagprisen
Årets handverkar
Årets handverkar heidrar ein dyktig fagarbeidar som brukar kompetansen sin til å skape gode og varige resultat.
Prisen kan gå til ein handverkar innan til dømes bygg, røyr, elektro eller andre praktiske fag. Kandidaten er effektiv og løysingsorientert, leverer arbeid av høg kvalitet og bidreg positivt i møte med kundar og kollegaer.
Gode handverkarar er viktige for lokalsamfunnet, dei byggjer landet og held det i gang.
Eventyrprisen
Årets reiselivsoppleving
Eventyrprisen heidrar ein reiselivsaktør som gir gjestane opplevingar som set Sogn på kartet. Det kan vere gjennom aktivitetar, guiding, overnatting eller andre reiselivstilbod med eit særpreg som gjestane hugsar og kjem tilbake til.
Me leitar etter gode opplevingar som tek utgangspunkt i det Sogn har å by på, og som møter gjestane med kvalitet og godt vertskap. Fortel kva som gjer opplevinga spesiell, og korleis ho bidreg til at folk får lyst til å besøkje Sogn eller kome tilbake.
Nominer din eventyrlege favoritt til Årets reiselivsoppleving!
Kven fortener heider?
Send inn din nominasjon her:
Frist for innmelding av nominasjonar er 1. desember
Ofte stilte spørsmål
Kva er føremålet med nominasjonen?
Nominasjonsskjemaet skal gje alle sjansen til å løfte fram personar, organisasjonar eller prosjekt som fortener merksemd og ei utmerking. Vi ønskjer å setje søkjelys på innsats og prestasjonar som bidreg til å gjere Sogn endå betre.
Kven kan nominerast?
Alle som er tilknytte regionen, eller som bidreg på ein positiv måte, kan nominerast. Dette kan vere privatpersonar, lag, foreiningar, bedrifter eller prosjekt – så lenge dei gir eit verdifullt bidrag til Sogn.
Kven kan nominere?
Nominasjonen er open for alle som vil peike ut nokon dei meiner fortener ære. Dette kan vere deg som privatperson, ein organisasjon eller eit lokalt initiativ. Ein kan òg nominere seg sjølv, men vi oppmodar om å nominere andre når du ser nokon som verkeleg skil seg ut.
Korleis nominerer eg?
Fyll ut nominasjonsskjemaet på nettsida. Legg inn namn på kandidaten, ei kort grunngjeving og kontaktinformasjon. Jo meir konkret informasjon du gjev om kva kandidaten har gjort, desto betre er det for juryen å vurdere nominasjonen.
Kva skjer etter eg har sendt inn nominasjonen?
Alle innsendte bidrag blir vurderte av ein jury. Dei nominerte som blir valde ut får informasjon om dette i god tid innan prisutdelinga. Vi kontaktar både nominert og innsendar dersom vidare informasjon trengst.
Kven sitt i juryen?
Det vert sett ned ein uavhengig jury per pris. Detaljar rundt dette kjem, men dei består alle av personar med erfaring og kompetanse relevant for prisen. Arrangørane av Sognefest (Sognaklynga) kan ikkje påvirke arbeidet til juryen.
Er det ei frist for å nominere?
Ja, siste frist for nominasjon er 1. desember kl. 23:59. Vi oppmodar alle til å sende inn nominasjon i god tid før fristen går ut.
Kan eg sende inn fleire nominasjonar?
Ja, du kan sende inn så mange nominasjonar du vil, så lenge dei er ulike kandidatar eller prosjekt.
Kan nominasjonar vere anonyme?
Du kan gjerne vere anonym om du ønskjer det, men det er ein fordel for juryen å kunne kontakte innsendar for utfyllande informasjon.