Sogneffektprisen 2026

Nominer til Sogneffektprisen

Dette er prisen for dei som har fått det til, ikkje nødvendigvis størst eller mest synleg, men det som har treft folk. Nokon som har bidrege til at fleire kjenner på stoltheit, tilhøyrsle eller rett og slett litt meir livsglede i Sogn.

Gjennom samarbeid, vilje og gjennomføring skal vinnaren ha skapt noko som betyr noko for folk, og som gjer regionen vår litt betre å leve i. Det kan vere innan alle kategoriar, næring, kultur, frivilligheit eller møteplassar, det viktigaste er effekten det har hatt på kvardagen til folk.

Dette er prisen for det som har fått deg til å smile, møte opp, eller setje litt ekstra pris på det å bu nettopp her.

Vinnaren av prisen får 40 000 kroner, gitt av Agenda Vestlandet i samarbeid med Sognaklynga, som skal bidra til vidare utvikling av tilbodet.

Sognasmart 2026 blir mogleg takka vere støtta frå desse engasjerte bedriftene som har eit stort hjarte for Sogn. Dei bidreg til å løfte regionen, styrkje fellesskapet og feire alt det positive som skjer her.

Generalsponsor

Samarbeidspartnarar

20. mai 2026

Quality Hotel Sogndal