Praktisk informasjon om Sognafest

Blir oppdatert fortløpande. Siste oppdatering: 06. januar 2026

Program

1730 - Dørane åpnar på Quality Hotel Sogndal. Inngang gjennom hovudinngong på hotellet

1740 - Siderfestival. Her kan du smaka lokal sider frå lokale produsentar.

1900 - Festen byrjar i Fjordsalen. Kvelden vert leia av Arve Uglum & Helga Farestveit. 

1910 - Forrett serverast

2010 - Hovudrett serverast

2150 - Dessert

2315 - Etterfest på Eppel Bar

Kor skal eg sitja

Ved inngangane til salen heng det bordkart som viser plassering av alle bord.

  • Har du kjøpt ordinær billett, har du ikkje fast plass. Du kan setje deg ved dei borda som er merkte med fritt seteval.

  • Har du billett gjennom bedriftsbord, skal du setje deg ved bordet som er merka med namnet på di bedrift.

  • For nominerte og følgje til nominerte er det halde av eigne bord

Dersom du er usikker på kvar du skal sitje, står det vertskap i salen som gjerne hjelper deg.

Når og kor er Sognafest?

Sognafest er 30. januar 2026 på Quality Hotel Sogndal

Kva skal eg ha på meg?

Sognafest er ein festkveld, og vi ønskjer å skape ei høgtidleg og stilfull ramme rundt feiringa. Kleskoden er mørk dress. Ifølgje internettet betyr mørk dress følgjande:

Mørk dress er ein formell kleskode der menn er forventa å bruka ein mørk dress i fargar som svart, mørkeblå eller mørkegrå, kombinert med ei lys skjorte (ofte kvit) og eit slips eller sløyfe. Svarte eller mørke dressko er standard.

For kvinner inneber koden ein elegant kjole, gjerne knelang eller lengre, eller eit fint bukse- eller draktsett i mørke fargar. Kleskoden blir ofte brukt ved bryllaup, firmafestar og andre formelle høve.

Kva er Sognafest 2026?

Sognafest 2026 er ein historisk gallakveld i hjartet av Sogn.
Her feirar vi regionen, menneska og alt det flotte som skjer her.
Det skjer 30. januar 2026 på Quality Hotel Sogndal, og berre 330 plassar er tilgjengelege.
Ein kveld med mat, kultur og stolte augeblikk.
Eit høgdepunkt for alle som har hjarte for Sogn.