Nominerte til Sognafest 2026

Nominasjonen er stengd. Me fekk inn over 200 nominasjonar! Tusen takk.

Etter at juryen har gått gjennom alle listene sit me igjen med tre nominerte til kvar pris som er invitert til Sognafest 2026

Dei nominerte er…

Helsehelten

Årets helsearbeidar

Heimepleiar, sjukepleiar, ambulansearbeidar, lege, psykiatrisk helsearbeidar – alle er dei kvardagsheltar som skaper tryggleik og omsorg kvar einaste dag. Kjenner du nokon som har gjort ein forskjell i 2025, eller som over tid har vist ein heilt unik innsats for helsa i Sogn?

Bjørn Kalstad

Bjørn Kalstad er fysioterapeut i Luster og har gjennom mange år hjelpt menneske tilbake til ein betre kvardag etter skadar og plager. Han møter pasientane med varme, tillit og eit smittande godt humør, og utøver faget sitt med høg fagleg tryggleik og presis oppfølging. Bjørn ser heile mennesket, lyttar og tilpassar behandlinga til den enkelte, noko som gir gode og varige resultat. For han handlar fysioterapi om meir enn øvingar, det handlar om relasjon, samarbeid og tryggleik. Også som kollega er han ein viktig ressurs som deler kunnskap, bidreg til utvikling og skapar eit godt arbeidsmiljø.

Oddny Else Ylvisåker

Oddny Else Ylvisåker har gjennom nesten førti år vore ei fagleg sterk og trygg sjukepleiar ved Sogndal helse og omsorgssenter. Ho møter pasientar, pårørande og familiar i sårbare situasjonar med ro, omtanke og varme, og skapar tryggleik gjennom erfaring, empati og fagleg tyngde. Oddny Else er ein sentral ressursperson innan lindrande behandling og kreftomsorg, og eit kjent og trygt fjes i kvardagen. Som kollega er ho ein viktig mentor, raus med kunnskap, støttande og alltid villig til å stille opp. Med stor arbeidsvilje, positiv energi og ekte engasjement for menneske er ho eit førebilete og ein uvurderleg ressurs for heile avdelinga.

Anette Bergman

Anette Bergman er ein drivande og dyktig fagperson med brei og solid kompetanse som psykiatrisk sjukepleiar, jordmor og helsesjukepleiar. I mange år hadde ho åleine ansvar for alle desse tenestene i Balestrand, noko som vitnar om stor arbeidskapasitet, ansvarskjensle og fagleg tryggleik i arbeidet ho utfører. Anette møter menneske med varme, empati og eit smil, og er ein kollega som bidreg med støtte, tryggleik og ros i kvardagen. Ho er fagleg engasjert, oppdatert og nysgjerrig, og medverkar aktivt til høg kvalitet i tenestene og eit inkluderande, stabilt og godt arbeidsmiljø.

Lysglimtprisen

Årets pedagog

Har du møtt ein barnehagetilsett, lærar, pedagog eller assistent som skapar tryggleik, meistring og læringsglede for ungane våre? Denne prisen heidrar dei som gjev alt for oppveksten i Sogn. Nominer din kvardagshelt innan oppvekst!

Sondre Setrom

Sondre er ein engasjert og dyktig lærar som ser det beste i kvar enkelt elev og legg stor vekt på inkludering, meistring og gode relasjonar. Han skapar eit trygt og motiverande klassemiljø der alle får kjenne på læringsglede, og strekkjer seg ofte langt for å gi elevane varierte og meiningsfulle opplevingar. Gjennom kreative og tverrfaglege prosjekt kombinerer han fag, samarbeid og leik på ein måte som engasjerer både elevar og føresette. Sondre er roleg, tydeleg og varm i møte med barna, noko som smittar over på klassemiljøet. Som pedagog er han til stades, følgjer tett opp kvar elev og bidreg til å ruste dei både fagleg og sosialt vidare i skuleløpet.

Dag Skram

Dag Skram er ein aktiv og engasjert formidlar med eit sterkt hjarte for barn, barnehagar og barnehagelæraryrket. Gjennom nærmare 50 år har han arbeidd med å utdanne framtidas barnehagelærarar, og har sett djupe spor etter seg både lokalt og nasjonalt. Dag underviser med hjartet utanpå skjorta, ofte med gitaren klar og ein song på lur, noko som skapar engasjement, varme og læringsglede. Han har vore ein viktig bidragsytar til utvikling av fagfeltet, særleg i fylket vårt, og er eit kjent og kjært namn i barnehagemiljøet. Med sin formidlingsevne, sitt engasjement og si livslange innsats har han vore ei viktig inspirasjonskjelde for mange.

Jannicke Øyre Nundal

Jannicke er ein varm, trygg og engasjert pedagog som gir både glede og omsorg til ungane i Uravegen barnehage. Ho deltek aktivt i leik og aktivitetar, og møter barna med energi, humor og eit stort hjarte. Jannicke strekkjer seg ekstra langt for at kvar enkelt unge skal bli sett, høyrd og ivareteken, og ho skapar tryggleik gjennom nærleik og ekte tilstadevering. Med si evne til å byggje sterke relasjonar gir ho barna både gode klemmar, tryggleik og meistring i kvardagen. Ho bidreg til eit barnehagemiljø prega av trivsel, tillit og leikande læring, og er ein svært viktig ressurs for både barn og kollegaer.

Stolt sponset av

Framtidshåpet

Årets lærling

Lærlingane våre er framtida for Sogn. Framtidshåpet heidrar dei som har teke fagbrevet sitt i 2025, og som har vist fagleg dyktigheit, engasjement og ekte arbeidsglede – uansett bransje. Desse lærlingane viser veg inn i framtida og inspirerer både kollegaer og komande generasjonar. 

Adam Røysum

Adam nærmar seg fagprøven i barne- og ungdomsarbeidarfaget og har hatt læretida si i Askedalen barnehage. Han er ein lærling som kvar dag spreier engasjement, kreativitet, omsorg, humor og glede til både barn og kollegaer. Adam har ei særleg evne til å sjå kvar enkelt og forstå kva dei treng, og han gir raust av seg sjølv i møte med barna. Han bidreg aktivt til eit trygt, inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø, samstundes som han er ein positiv og viktig del av arbeidsmiljøet. Med haldningane, innsatsen og omsorga han viser, er Adam eit sterkt framtidshåp for barnehagesektoren.

Ole Stadheim

Ole Stadheim har hatt læretida si i Sogn Elektro og har gjennom heile perioden vist imponerande fagleg utvikling, stort engasjement og sterke haldningar. Han er dyktig og grundig i arbeidet sitt, tek ansvar og viser sjølvstende, noko som har resultert i arbeid av høg kvalitet. Ole bidreg også sterkt til eit godt arbeidsmiljø gjennom å vere raus, hjelpsam og omsorgsfull overfor kollegaene sine. I møte med kundar er han lyttande, serviceinnstilt og profesjonell, og representerer verksemda på ein truverdig måte. Med sin innsats, positive innstilling og faglege styrke er Ole eit førebilete for andre lærlingar og ein viktig ressurs for arbeidsplassen.

Alexander Stigen Hjønnevåg

Han har gjennom heile læretida vist ei svært god fagleg utvikling og bestod fagprøven med meget godt resultat. Under ein stor revisjonsstans på Mongstad i haust utmerka han seg særleg, og gjorde så godt arbeid som lærling innan industrirøyrleggarfaget at han fekk ansvar for eigne oppgåver. Han møter arbeidskvardagen med positiv innstilling, godt humør og alltid eit smil på lur. Med arbeidsvilje, ansvarskjensle og glede i jobben bidreg han både fagleg og sosialt til eit godt arbeidsmiljø, og er ein lærling det er lett å setje sin lit til.

Stolt sponset av

Smil & service

Årets kremmar

Kjenner du ein butikk eller servicemedarbeidar som alltid yter det vesle ekstra? 
Ein som sprer glede, skapar trivsel og gjer nærmiljøet litt betre for alle? 

Guro Jevnaker Melheim

Guro er ein engasjert og synleg drivkraft i handelsstanden i Årdal, og mange har peika på henne som ein svært verdig kandidat. Ho satsar lokalt og tilbyr varer som er lett tilgjengelege både på nett og i byar, samstundes som ho leverer høg service og møter kundane med eit smil kvar einaste dag. Guro er kjend som ein ekte kremmar som folk ønskjer å støtte, og ho spelar ei viktig rolle for fellesskap og aktivitet i sentrum. Med sitt engasjement, si tilstadevering og sitt pågangsmot er ho eit samlande lim i handelstanden og gjer ein framifrå jobb for lokalsamfunnet.

Per Steinar og Geir Hylland

Per Steinar og Geir Hylland er menneske som viser ekte omtanke for lokalsamfunnet i Gudvangen. At dei kvart år legg ei gåve i postkassa til alle innbyggjarar til jul og påske, seier mykje om både engasjementet og hjartevarmen deira. Joker Gudvangen er langt meir enn ein butikk, han er ein møteplass og eit samlingspunkt i bygda. Det er Per Steinar og Geir som held hjartet slåande, gjennom tilstadevering, service og eit sterkt ønskje om å ta vare på bygda og menneska som bur der.

Ole Johnny Uthus

Ole Johnny Uthus har stått i butikken og vore tett på kundane i snart 40 år, og har alltid vore til stades på golvet der folk er. Han har sjeldan gøymt seg bort på kontoret, men møter kundar med servicevilje, kunnskap og vilje til å finne fram varer og løysingar når nokon spør. Samstundes har Ole Johnny hjelpt ei rekkje unge inn i arbeidslivet gjennom å gi dei ansvar, tillit og verdifull arbeidserfaring. Med si tilstadevering, arbeidsmoral og omsorg for både kundar og kollegaer har han sett tydelege og varige spor rundt seg.

Stolt sponset av

Sognagull

Årets idretts- og kulturpris

Idrett og kultur bind oss saman og skapar fellesskap i Sogn. Sognagull går til personar eller grupper som i 2025 har utmerka seg innan idrett, musikk, revy eller annan kultur – enten som utøvar, instruktør eller frivillig. Heidre dei som gjer Sogn rikare på opplevingar og samhald!  

Elise Thorsnes

Elise frå Leikanger avslutta ein imponerande karriere på fotballbana med cupfinalesiger for Vålerenga mot Rosenborg. Med 255 mål i serie og cup er ho den mestscorande spelaren i norsk kvinnefotball gjennom tidene. Ho har vunne seks seriemeisterskap og åtte cuptitlar, og har sett tydelege spor etter seg både sportsleg og historisk. Gjennom karrieren har Elise vist veg for kvinnefotballen lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho er eit sterkt døme på at det er mogleg å nå heilt til topps, også når ein kjem frå ei lita bygd innerst i Sognefjorden.

Einar Bolstad

Einar har også i 2025 vore ein sentral aktør i Julesong, der innbyggjarar i Vestland har fått oppleva ei heilt særprega sognestemme. Gjennom desse konsertane har han formidla musikk med nærleik, kvalitet og stor innleving. Det er liten tvil om at Einar kunne ha valt musikken som leveveg, og med bustad i meir sentrale strøk ville han truleg ha nådd dei store scenane. Samstundes har han eit hjarte av gull og stiller ofte opp på intimkonsertar for lag og organisasjonar i bygdene. Røyrleggaren frå Hafslo har vorte eit sterkt symbol for regionen, og er òg frontfigur i bandet Folk Flest frå Luster.

Hans-Christian Amundsen

Hans Christian er ein allsidig og engasjert ressurs med eit stort hjarte for både skisporten og skyttarsporten. Han er ein aktiv trenar for barn og unge, og legg ned mykje tid og innsats for å skape trygge og gode arenaer for aktivitet og utvikling. I år var han òg ein viktig altmoglegmann under NM i alpint for 13 og 14-åringar i Hodlekve, der han bidrog med alt frå tryggleik og logistikk til praktiske oppgåver som matlaging. Med sitt gode smil, si tilstadevering og sine ferdigheiter skapar han tryggleik, motivasjon og prestasjonsglede. Hans Christian er ein trenar og førebilete som mange set stor pris på.

Stolt sponset av

Smaken av Sogn

Årets mat- og drikkeoppleving

Har du hatt ei mat- eller drikkeoppleving i 2025 som verkeleg sette Sogn på kartet? Smaken av Sogn heidrar den restauranten, produsenten eller opplevinga som best fangar smaken, stoltheita og særpreget til regionen vår. Nominer din favoritt til Årets mat- og drikkeoppleving! 

Kvitabui

Kvitabui Matnaust og galleri i Solvorn er ei gjennomført og særeigen mat- og kulturoppleving som kombinerer mat, historie, landskap og identitet på ein heilt eigen måte. Råvarene kjem kortreist frå fjorden, ofte levert med båt, medan gjestene ventar med utsikt mot fjell og fjord, noko som gjer opplevinga både ekte og unik. Maten er laga med ei ærleg tilnærming som speglar bygda, naturen og menneska bak konseptet. Kvitabui er eit familieprosjekt der både kunst og handverk spelar ei viktig rolle, og galleriet knyter matopplevinga tett til lokal natur og dyreliv. Saman har dei skapt ein stad der mat, kunst og kultur står i fin balanse, og som gir ei sterk kjensle av tilhøyrsle og lokal stoltheit.

Skjolden Hotell

Skjolden Hotell har markert seg som ein tydeleg og viktig formidlar av lokal matkultur i indre Sogn. Med råvarer frå fjord, fjell og gardar i nærområdet skapar dei eit kjøken som er ekte, sesongbasert og djupt forankra i lokale tradisjonar. Gjester trekkjer fram både kvaliteten på maten og den varme, personlege måten dei blir møtte på. Gjennom å løfte fram lokale produsentar og setje ein klar signatur av Sogn på tallerkenen, bidreg Skjolden Hotell til både stoltheit, identitet og verdiskaping i regionen.

Ølmheim Siderhage

Ølmheim er ein stad mange set stor pris på å besøkje, med epledrikker av svært høg kvalitet, både med og utan alkohol. Særleg sideren laga på tradisjonell metode har fått mykje merksemd, og har til og med slått meir kjende utanlandske konkurrentar i smakssamanheng. Saman med mannen sin, Endre, har ho utvikla fruktgarden til ein levande siderhage med eit breitt utval av siderar og eplemostar. Dei legg òg til rette for stemningsfulle arrangement, mellom anna bryllaup, og på smakingane dei arrangerer blir det servert nydelege, heimalaga pizzaer som passar perfekt til sideren. Samla skaper dei ei heilskapleg oppleving som kombinerer smak, kvalitet og ekte formidling.

Stolt sponset av

Eventyrprisen

Årets reiselivsoppleving

Har du besøkt ein kafé, eit hotell, ein campingplass, festival eller oppleving i 2025 som verkeleg sette Sogn på kartet? Eventyrprisen heidrar dei som skapar minnerike augeblink og gir gjestane ei oppleving utanom det vanlege – gjennom eit unikt konsept, framifrå vertskap eller spektakulære omgjevnader. Nominer din eventyrlege favoritt til Årets reiselivsoppleving! 

Fjærland Guiding

Fjærland Guiding med Jarle og Janne utviklar berekraftige og naturbaserte reiselivsprodukt av høg kvalitet, alltid på naturen sine premissar. Gjennom tilbod som guida breturar, fjellturar, kajakkpadling og opplevingar med Dampen og Vetle Dampen skapar dei aktivitetar som utfyller det samla reiselivstilbodet i Fjærland og regionen. Verksemda bidreg til at gjester blir verande lenger, samstundes som lokalbefolkninga får gode og aktive tilbod gjennom heile året. Med sterk formidling, bilete og filmar frå blåtimen og skuldersesongane skapar dei reiselyst også haust, vinter og vår. Fjærland Guiding er ei føregangsbedrift som viser at grønt reiseliv kan vere både levedyktig og lønsamt, også frå ei lita bygd.

Nærøyfjorden Camping

Nærøyfjorden Camping er ei familiedriven perle på Bakka, vakkert plassert midt i verdsarvlandskapet ved Nærøyfjorden. Campingplassen tilbyr rolege og unike plassar for telt, bubilar og campingvogner heilt nede ved fjorden, kombinert med moderne fasilitetar, koseleg resepsjon og kafé, romutleige og historiske bygg som tek vare på kulturarven i bygda. Gjestene trekkjer fram den stille atmosfæren, det velstelte området og eit vertskap som ser kvar einskild og skapar lyst til å kome tilbake. Nærøyfjorden Camping gjer den spektakulære naturen tilgjengeleg på ein varsam og berekraftig måte, med småskaladrift, lokal verdiskaping og aktivitetar som vandring, padling og båtturar. Med ekte gjestfridom, kvalitet og nærleik til naturen gir staden ei sterk og minneverdig oppleving.

Kongevegen over Filefjell

Kongevegen over Filefjell er ein historisk ferdselsveg med røter tilbake til 1790-åra, og var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. I dag er vegen restaurert og utvikla til ei internasjonal vandredestinasjon som tek gjestene gjennom noko av det vakraste landskapet i Noreg. Gjennom eit sterkt bedriftsnettverk på tvers av kommunegrenser er Kongevegen blitt eit samlande reiselivsprodukt som skaper lange opphald, gode pakkeløysingar og store ringverknader for regionen. Samarbeidet har bidrege til betydeleg verdiskaping og viser korleis natur, historie og næringsliv kan spele saman under eit felles og tydeleg merkenamn.

Stolt sponset av

Velkommen heim

Årets tilflyttar

Tilflyttarane våre bidreg med nytt liv, engasjement og vekst i Sogn – og me ønskjer alle hjarteleg velkomen heim! Velkomen heim-prisen går til ein person eller familie som har flytta til regionen dei siste åra, og som allereie har sett sitt preg på lokalsamfunnet gjennom engasjement, initiativ eller fellesskap. 

Ben Ward

Ben Ward har særleg dei siste tre åra sett regionen på kartet gjennom stort engasjement, målretta formidling og vilje til å satse der andre har sett avgrensingar. Gjennom synlegheit, mellom anna via TV-deltaking, og eit sterkt driv har han gitt nytt liv til ein stad med avgrensa aktivitet. Innsatsen har skapt eit reelt næringsgrunnlag og ringverknader langt utover eiga verksemd. Ved å vise fram moglegheitene i regionen har Ben Ward òg bidrege til at nye menneske har fått augo opp for Sogn som ein stad å bu, arbeide og skape ei framtid.

Nora Øygarden

Nora kom til Sogn for to år sidan og har sidan markert seg sterkt gjennom stort engasjement både i studentmiljøet og i bygda Sogndal. Ho har vore med på å starte ei løpegruppe og spelte ei sentral rolle i gjennomføringa av Sogndals første maraton. Gjennom frivillig innsats på fleire arrangement og festivalar har ho bidrege til å skape aktivitet, samhald og liv i regionen. Nora står òg bak Instagram-kontoen Livet i Sogndal, der ho formidlar kvardagen, moglegheitene og livet i Sogndal på ein engasjerande og truverdig måte som når ut til mange unge. Med kombinasjonen av praktisk innsats, formidlingsevne og ekte engasjement er ho ein tydeleg ambassadør for Sogn.

Hege Skogen

Hege Skogen har gjort ei tydeleg livsendring ved å flytte frå ein lovande leiarkarriere i Oslo til eit nytt liv i Luster, der ho har valt å setje verdiar, natur og meistring i sentrum. Med brei erfaring frå leiande roller i både store konsern og oppstartsbedrifter har ho vist mot til å ta nye val og følgje det som gir meining. I Luster har Hege skapt ein variert kvardag som frilansar, formidlar og vertskap, og har engasjert seg både fagleg og sosialt i lokalmiljøet. Gjennom formidling, nettverksbygging og synlegheit har ho vist at det er mogleg å skape eit rikt og berekraftig liv også utanfor dei store byane.

Stolt sponset av

Hjarte for Sogn

Æreprisen

Kven har vist eit ekstra stort hjarte for Sogn dei siste fem åra? Æresprisen “Hjarte for Sogn” heidrar dei som har inspirert, bidrege eller skapt noko heilt spesielt – enten det er ein person, ei gruppe eller eit prosjekt. Her finst ingen faste reglar, berre eit ynskje om å løfte fram dei som verkeleg fortener det. 

Siderlauget i Sogn

Siderlauget i Sogn har gjennom målretta og langsiktig arbeid løfta sider frå tradisjonell kulturarv til ei viktig framtidsnæring for regionen. Ved å ta vare på gamle eplesortar og byggje stoltheit rundt lokal produksjon har dei styrkt både identitet og merkevara Sogn. Satsinga på kvalitet har skapt verdiskaping, arbeidsplassar og ringverknader for landbruk, reiseliv og serveringsnæring. Lauget har samla produsentar, forskingsmiljø og reiseliv i eit sterkt fagleg fellesskap prega av kunnskapsdeling og innovasjon. Gjennom nasjonal og internasjonal merksemd har dei sett Sogn på kartet som eit leiande siderområde med berekraftig produksjon og høg kvalitet.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn er ein markant og viktig stemme i norsk litteratur, kjend for sitt modige og meiningsfulle forfattarskap. Som adoptert frå Sør-Korea og oppvaksen i Sogn har han vorte ein tydeleg ambassadør for både regionen og verdiar som openheit, respekt og menneskeverd. Bøkene hans er hylla av både kritikarar og lesarar, og tek opp tema som identitet, tilhøyrsle, kvardagsrasisme og opplevinga av utanforskap. Med eit ærleg og varmt språk utfordrar han etablerte førestillingar om kva det vil seie å vere norsk. Gjennom litteraturen gir han rom til stemmer som ofte ikkje blir høyrde, og inspirerer både unge og vaksne til å sjå verda med nye auge.

Laila Gjerde

Laila Gjerde har i over 50 år vore ei sentral drivkraft for næringsutvikling i Jostedalen gjennom kombinasjonen av reiselivsdrift og stordriftslandbruk. Med innovativ og langsiktig tilnærming har ho utvikla Jostedal Hotell frå eit lite pensjonat til eit heilårsdriven hotell med lokal mat og ei viktig rolle som møteplass i bygda. Verksemda er bygd steg for steg, med respekt for miljø, lokalsamfunn og tradisjonar. Under Laila si leiing har hotellet vorte eit autentisk og lokalt forankra reiselivsprodukt, med sterk bruk frå bygdefolket og fokus på berekraft, heimelaga tradisjonsmat og miljøsertifisering gjennom Green Key.

Stolt sponset av