Nominasjon til Sognafest 2026

Det er ikkje me som bestemmer kven som skal så på scena og få heider på Quality Hotel Sogndal den 30. januar, det er du som gjer det!

Nominasjonen stengas 1. desember

Kategoriar

Helsehelten

Årets helsearbeidar

Heimepleiar, sjukepleiar, ambulansearbeidar, lege, psykiatrisk helsearbeidar – alle er dei kvardagsheltar som skaper tryggleik og omsorg kvar einaste dag. 

Kjenner du nokon som har gjort ein særleg innsats for helsa i Sogn i 2025 – eller som gjennom mange år har vist eit heilt unikt engasjement for menneske og helse? 

Nominer dei til Helsehelten – Årets helsearbeidar!

Lysglimtprisen

Årets pedagog

Har du møtt ein barnehagetilsett, lærar, pedagog eller assistent som skapar tryggleik, meistring og læringsglede for ungane våre? 

Lysglimtprisen heidrar dei som gjev alt for barna og ungdomane i Sogn – dei som sprer lys og inspirasjon i kvardagen. 

Nominer din kvardagshelt innan oppvekst til Lysglimtprisen – Årets pedagog!

Smil & service

Årets kremmar

Kjenner du ein butikk eller servicemedarbeidar som alltid yter det vesle ekstra? 
Ein som sprer glede, skapar trivsel og gjer nærmiljøet litt betre for alle? 

Nominer den personen eller verksemda som betyr mest for Sogn – til Smil & service – Årets kremmar! 

Smaken av Sogn

Årets mat- og drikkeoppleving

Har du hatt ei mat- eller drikkeoppleving i 2025 som verkeleg sette Sogn på kartet? 

Smaken av Sogn heidrar den restauranten, produsenten eller opplevinga som best fangar smaken, stoltheita og særpreget til regionen vår. 

Nominer din favoritt til Årets mat- og drikkeoppleving! 

Velkommen heim

Årets tilflyttar

Tilflyttarane våre bidreg med nytt liv, engasjement og vekst i Sogn – og me ønskjer alle hjarteleg velkomen heim! 

Velkomen heim-prisen går til ein person eller familie som har flytta til regionen dei siste tre åra, og som allereie har sett sitt preg på lokalsamfunnet gjennom engasjement, initiativ eller fellesskap. 

Nominer årets tilflyttar som gjer Sogn til ein endå betre stad å bu! 

“Hjarte for Sogn”

Æresprisen

Kven har vist eit ekstra stort hjarte for Sogn dei siste fem åra? 

Æresprisen “Hjarte for Sogn” heidrar dei som har inspirert, bidrege eller skapt noko heilt spesielt – enten det er ein person, ei gruppe eller eit prosjekt

Her finst ingen faste reglar, berre eit ynskje om å løfte fram dei som verkeleg fortener det. 

Fortel oss kvifor akkurat din kandidat har “Hjarte for Sogn”! 

Framtidshåpet

Årets lærling

Lærlingane våre er framtida for Sogn. 

Framtidshåpet heidrar dei som har teke fagbrevet sitt i 2025, og som har vist fagleg dyktigheit, engasjement og ekte arbeidsglede – uansett bransje. 

Desse lærlingane viser veg inn i framtida og inspirerer både kollegaer og komande generasjonar. 

Sognagull

Årets idretts- og kulturpris

Idrett og kultur bind oss saman og skapar fellesskap i Sogn. 

Sognagull går til personar eller grupper som i 2025 har utmerka seg innan idrett, musikk, revy eller annan kultur – enten som utøvar, instruktør eller frivillig

Heidre dei som gjer Sogn rikare på opplevingar og samhald! 

Eventyrprisen

Årets reiselivsoppleving

Har du besøkt ein kafé, eit hotell, ein campingplass, festival eller oppleving i 2025 som verkeleg sette Sogn på kartet? 

Eventyrprisen heidrar dei som skapar minnerike augeblink og gir gjestane ei oppleving utanom det vanlege – gjennom eit unikt konsept, framifrå vertskap eller spektakulære omgjevnader. 

Nominer din eventyrlege favoritt til Årets reiselivsoppleving! 

Ofte stilte spørsmål

Kva er føremålet med nominasjonen?

Nominasjonsskjemaet skal gje alle sjansen til å løfte fram personar, organisasjonar eller prosjekt som fortener merksemd og ei utmerking. Vi ønskjer å setje søkjelys på innsats og prestasjonar som bidreg til å gjere Sogn endå betre.

Kven kan nominerast?

Alle som er tilknytte regionen, eller som bidreg på ein positiv måte, kan nominerast. Dette kan vere privatpersonar, lag, foreiningar, bedrifter eller prosjekt – så lenge dei gir eit verdifullt bidrag til Sogn.

Kven kan nominere?

Nominasjonen er open for alle som vil peike ut nokon dei meiner fortener ære. Dette kan vere deg som privatperson, ein organisasjon eller eit lokalt initiativ. Ein kan òg nominere seg sjølv, men vi oppmodar om å nominere andre når du ser nokon som verkeleg skil seg ut.

Korleis nominerer eg?

Fyll ut nominasjonsskjemaet på nettsida. Legg inn namn på kandidaten, ei kort grunngjeving og kontaktinformasjon. Jo meir konkret informasjon du gjev om kva kandidaten har gjort, desto betre er det for juryen å vurdere nominasjonen.

Kva skjer etter eg har sendt inn nominasjonen?

Alle innsendte bidrag blir vurderte av ein jury. Dei nominerte som blir valde ut får informasjon om dette i god tid innan prisutdelinga. Vi kontaktar både nominert og innsendar dersom vidare informasjon trengst.

Kven sitt i juryen?

Det vert sett ned ein uavhengig jury per pris. Detaljar rundt dette kjem, men dei består alle av personar med erfaring og kompetanse relevant for prisen. Arrangørane av Sognefest (Sognaklynga) kan ikkje påvirke arbeidet til juryen.

Er det ei frist for å nominere? (ENDRE TEKST HER)

Ja, siste frist for nominasjon er 1. desember kl. 23:59. Vi oppmodar alle til å sende inn nominasjon i god tid før fristen går ut.

Kan eg sende inn fleire nominasjonar?

Ja, du kan sende inn så mange nominasjonar du vil, så lenge dei er ulike kandidatar eller prosjekt.

Kan nominasjonar vere anonyme?

Du kan gjerne vere anonym om du ønskjer det, men det er ein fordel for juryen å kunne kontakte innsendar for utfyllande informasjon.